Tilbake til alle arrangementer

Starte og drive bedrift-dagen

Den 24. oktober kjem «Starte og drive bedrift-dagen» til Otta for å gi informasjon og rettleie gründerar som vurderer å starte, eller nyleg har starta eiga bedrift.

På denne dagen møter du mange av etatane du må forholda deg til når du skal starte og drive bedrift, samt lokale hjelparar, som alle er der for å gjere oppstartsfasen enklare og tryggare for deg.

Brønnøysundregistera, Patentstyret, Altinn med fleire kjem med eit fullpakka program som skal gjere oppstartsfasen enklare og tryggare for deg. Her vert det korte, informative føredrag med det du treng å vite for å få ein så god start som mogleg. Vi vil også presentere nokre nye løysingar som skal bidra til å forenkle næringslivet sitt behov for informasjon.

Vi får og høyra historia til to som allereie har etablert seg.

Programmet er delt inn i bolkar og tek for seg tema som er viktige i dei ulike fasane av ei etablering. Vi startar med kva som er viktig å tenkje på før oppstart og i planleggingsfasen. Neste bolk handlar om val av organisasjonsform, rekkjefølgje i registrering og rettsvern. I siste bolk ser vi på kva som er viktig når du skal drive verksemd, som regelverk og rapporteringsplikter. Det vert òg ei innføring i praktisk bruk av Altinn for næringsdrivande.

Arrangementet er gratis, men påmelding er nødvendig.
https://no.surveymonkey.com/r/KQVZB63

Program for dagen:

11:30 Registrering og enkel bevertning

12:00 Velkommen ved Torfinn Stenersen, Sel kommune

12:05 Planlegging og utvikling
• Ein gründers reise – frå idé til oppstart ved Jotunfjell Alpakka
• Lokal gründerhjelp – Kva kan vi hjelpe deg med? v/Skåppå

13:35 Registrering og beskyttelse
• Smart start – introduksjon til riktig rekkefølge ved registrering
• Val av organisasjonsform og registrering v/Brønnøysundregistrene
• Patent, varemerke og design v/Patentstyret

14.50 Kva skjer vidare?
• Praktisk bruk av Altinn v/Digitaliseringsdirektoratet
• Kva er viktig å gjere når du skal drive bedrift v/Starte og drive bedrift

16:00 Oppsummering og avslutning

Med forbehald om endringar i programmet

Vel møtt!

Neste
Neste
16. januar

Gardsgründer oppstart